|
Studieforbundet kultur og tradisjon samarbeider med fengselsvesenet og personar i kriminalomsorga for å leggje til rette for kursverksemd i fengsel. Studieforbundet har sidan 2001 prøvd ut og gjennomført ulike opplæringstilbod i forhold til personar som er tilsynsdømte eller innsette i fengsel.
Dette er ei gruppe som ofte har ei mangelfull formell utdanning og som også ofte har opplevd og ikkje lykkast. Det er få eller ingen andre fritidstilbod som målretta er tilrettelagt for dei. Det blir lagt vekt på at deltakarane skal få eit positivt forhold til både og tileigne seg ny kunnskap, men også få gode sosiale opplevingar. Studieforbundet kultur og tradisjon held i dag kurs i Verdal, Vadsø, Ullersmo, Mosjøen, Ravneberget (Sarpsborg). Kurs i fengsel gjev eit kjærkomme tilbod til folk som ikkje har så mange tilbod frå før, og det gjev mykje attende til dei som er innvolvert. Alle innsette som ynskjer å lære emna vi held kurs i er målgruppa for arbeidet. Eksempel på kursemne er datakurs, kreative fag, friluftsliv og truckførarkurs. Kursverksemd i fengsel kan vera ein både nyttig og triveleg avveksling for dei innsette. Fleire kursdeltakarar frå våre fengselskurs har etter avslutta soning halde fram med å utøve faget. Såleis har dei også fått kontakt med andre med same interesse, og dermed høve til å komme inn i eit nytt miljø. Frå Verdal var det ein som gjekk rett inn i jobb som truckførar etter å ha deltatt på truckførarkurs arrangert av studieforbundet. Gjennom eit samarbeid med Verdal fengsel har vi fått nyttig erfaring med å vera kursarrangør for innsette i fengsel. studieforbundet har prøvd ut og gjennomført ymse opplæringstiltak i forhold til innsette. Har dykk ynskje om å starte opp med kurs i fengsel, ta kontakt med oss, så kan vi hjelpe til i startfasen. Meir informasjon får du i heftet "Folkekultur for alle"
|