Tilretteleggingstilskot

Utover den ordinære støtteordninga, gir departementet tilskot til særlege målgrupper. Med særlege målgrupper, meiner vi personar med ulike opplæringshindringar, som funksjonshemming, personar med svak fyrstegongsutdanning, framandspråklege eller personar med særlege omsorgsplikter.

Tilskotet blir gjeve i tillegg til ordinære timestilskotet. Det kan brukast til eigne kurs for særlege målgrupper, eller som ekstra støtte til enkeltpersonar som deltek ved vanlege kurs med og utan lærar. Søknadane blir behandla fortløpande, og det blir tildelt pengar så lengje det er pengar i potten. Utbetaling skjer fortløpande.

Reglane blir handtert fleksibelt, og du kan når som helst ta kontakt for å drøfte om det er mogleg å få tilretteleggingstilskot.

Tilretteleggingstilskot – legge til rette for å kunne vera ulike i fellesskapet.

Alle har rett til å vere i eit fellesskap, og alle har rett til å vere ulike i fellesskapet. Studieforbundet driv si opplæringsverksemd på grunnlag av ei rekkje overordna mål. Minst to av desse måla omhandlar inkludering, integrering og å motverke utanforskap. Vi skal etter lova styrke kulturelt mangfald og auke deltaking i kulturlivet, gjere det mogleg for menneske å påverke eigen livssituasjon, motarbeide utstøyting og bidra til inkludering. Studieforbundet arbeider for at alle skal ha moglegheit til å bli kjende med, og lære kulturuttrykk og folkelege tradisjonar. Studieforbundet jobbar aktivt med desse målsettingane på fleire måtar og gjennom ulike ordningar.

Generelt tilretteleggingstilskot

Som fast ordning har vi eit generelt tilretteleggingstilskot som skal gjere det enklare for lokale arrangørar av kurs å legge til rette for kursdeltakarar med særskilde behov. Formålet med dette tilskotet er å redusere kostnadane for laget og å fjerne eller lette opplæringshindringar. Arrangørar kan få utgifter på inntil 7.500 kr dekt ved framvising av bilag ved tilrettelegging for grupper, og inntil 3000 kr for tilrettelegging for ein einskild deltakar. I tillegg kan laget få inntil 5000 kr i kompensasjon for ekstra dugnadsinnsats dersom den frivillige innsatsen er naudsynt for å få avvikla eit godt kurs. Kvar einskild søknad blir utover desse satsane handsama med skjønn.

Kompetansepluss frivillighet

Kompetansepluss frivillighet er midlar frå Kompetanse Norge til kurs med mål om å medverke til å styrke grunnleggande ferdigheiter i lesing, skriving, rekning, munnleg norsk og ikt for vaksne. Målet er at fleire kan ta del i opplæring og utdanning, og gjennom dette få styrka sine moglegheiter for å delta i arbeidslivet. Her er vi på trappane til eit nytt og spennande arbeid, og har i Studieforbundet gjennomført to testkurs. I samarbeid med Vågå husflidslag har vi halde kurset "Ull på norsk", og i samarbeid med teatergruppa HotPot kurset "Manus på norsk". Det er viktig at BKF-kursa går føre seg på arenaen til lokallaget, saman med øvrige medlemmar av lokallaget eller andre lokale deltakarar. Vi håpar slik at terskelen for å halde fram i lokallaget etter kurset skal bli lågare. Studieforbundet søker tilskot frå Kompetanse Norge til desse kursa på vegne av og i samarbeid med lokallaga, i høve til eit oppsett budsjett. Søknadsfristen er ein gong i året. Meld di interesse til oss, så hjelp vi dykk vidare. Les om kursa vi har halde her:

Presentasjon om Ull på Norsk og Manus på Norsk (pp)
Brosjyre om Kompetansepluss frivillighet (PDF)
Les meir om BKF og eksemplar på søknadar her (doc)

Kurs i fengsel

Studieforbundet har arrangert kurs i fengsel dei siste 15 åra. Etter kvart har det utvikla seg til å bli opp mot 30 kurs kvart år dei siste åra, i heile sju fengsel. Sjølve gjennomføringa er mogleg etter tilskot frå Justisdepartementet og i samarbeid med medlemsorganisasjonane, lokale lag og eldsjeler. Studieforbundet dekkjer i hovudsak alle utgifter knytt til kursa i fengsel. Vi er svært stolte av, og har stor tru på dette arbeidet. Vi trur på positiv motivasjon og aktivisering, og håpar i neste rekkje at dette kan bidra til enklare prosess med attendeføring til samfunnet.

Treng du meir informasjon kan du kontakte Studieforbundet. Telefon: 61 21 77 50 eller e-post: post@kulturogtradisjon.no

Søknad om stønad til kurs med tilretteleggingstilskot sendar du på same vis som søknad til vanlege kurs, anten via KursAdmin eller via søknad på nett eller ved å bruke papirskjemaet i posten:

Søknadsskjema:
Søknadskjema kurs med tilretteleggingstilskot Nynorsk(word)
Søknadskjema kurs med tilretteleggingstilskot Nynorsk(pdf)

Søknadskjema kurs med tilretteleggingstilskudd Bokmål(word)
Søknadskjema kurs med tilretteleggingstilskudd Bokmål(pdf)