KursAdmin

KursAdmin er eit kursadministrasjonsprogram som gjer det mogleg for laget å administrere sine kurssøknadar og rapportere kurs på nett. Vi rår til at kun lag med meir enn 10 kurs i året nyttar KursAdmin, sidan det krev jamleg bruk for å meistre programmet. Studieleiarar og andre som driv med kurs og opplæring i lokallag, kan sjølve registrere eigne kurs og søke om kurstilskot i KursAdmin.

For å få tilgang til systemet, må du bli brukar. Dette gjer Studieforbundet. Ta kontakt på telefon 61 21 77 50 eller på e-post: post(att)kulturogtradisjon.no

Vi treng følgande informasjon for å opprette ein brukar:
• Namn på laget og namn på medlemsorganisasjonen laget er med i.
• Om deg: fullt namn, adresse, fødselsår, telefon og e-postadresse (Denne adressa vil bli ditt brukarnamn.)

For rettleiing og hjelp i korleis bruke KursAdmin, kan du sjå brukarrettleiinga vår, og hjelpsame videoar.

For hjelp, bruk vår brukarrettleiing

Eller sjå desse videoane:
Opprette kurs
Legg til deltakar
Avslutte kurs

Logg på KursAdmin