| Studiar ved Vestnorsk kulturakademi til våren |
|
Byggeskikk og bygningsvern 2 Mat – Entrepenørskap – Regional utvikling (MERU) Søknadsfristen er 15.desember. Her finn du spanande studium med dyktige fagfolk og i eit triveleg miljø. Treng du faglig påfyll er dette kan hende noko for deg. Her finn du brosjyre for studia . på nettstaden til Vestnorsk kulturakademi finn du meir informasjon om studia og om akademiet. Tekstilkultur 1
Byggeskikk og bygningsvern 2Innføring i vestnorsk byggeskikk og antikvariske prinsipp innan bygningsvern. Teoretisk innføring, samt ekskursjonar i skogen og til ulike fagmiljø blir mest dominerande i vårsemesteret, medan ein vektlegg praktisk formidling med øvingar i relevante handverksteknikkar til hausten. Formidling ved Nils Georg Brekke, Kåre Herfindal, Trond Oalann med fleire. Mat – Entrepenørskap – Regional utvikling (MERU)Deltakarane skal utvikla kompetanse som bidreg til auka kvalitet på forbrukarretta nyskaping av fiskeri- og landbruksprodukt i vestlandsregionen. Eit høgskolestudium for matgründerar, primærprodusentar, tilsette i næringsmiddelindustrien, lærarar med mat som fag, butikkpersonale, forbrukarar samt personale knytt til serveringsstader og andre reiselivsinteresserte. Studiet er eit samarbeid mellom Vestnorsk kulturakademi på Voss og Høgskolen i Bergen. Alle faga er støtta av Studieforbundet Kultur og Tradisjon. Kvart semester utgjer 15 studiepoeng i høgskule- og universitetsystemet. Det er mogleg å ta 2 semester innan tekstil- eller byggfag og såleis oppnå 30 studiepoeng i kvart av desse faga. Studia er tilrettelagde for å kunna kombinerast med jobb eller andre studiar. Om det ikkje er opplyst anna i programmet vil samlingane vera på Voss. Undervisninga er forskingsbasert og nyttar den handlingsborne kunnskapen som eit sentralt pedagogisk element. Undervisninga skjer i form av førelesingar, ekskursjonar, samt praksis i akademiet sine verkstadar. |
Studiar ved Vestnorsk kulturakademi til våren
Våren 2012 startar tre deltidstudiar ved vestnorsk kulturakademi på Voss:
Eit spanande studium om tekstilhistorie, ressursar, tilverking, bruk og vedlikehald av tekstilar. Studiet er for alle som arbeider eller er i kontakt med tekstilfag, som t.d. museumstilsette, skreddarar, designarar, bunadsfolk, lærarar, kulturarbeidarar og andre. Du vil få tett oppfylging av Lise Finne, som er utdanna tekstilkjemiingeniør og tekstildesigner og har lang erfaring som rådgjevar for etablering av handverksbedrifter og småindustri, 40 år ved kunsthøgskulen i Bergen, samt 12 års bakgrunn som styreleiar for å etablere Norsk Trikotasjemuseum. Studiet er eit samarbeid mellom Vestnorsk Kulturakademi og Høgskolen i Bergen.