Forside
Pressemeldinger


Danselyst - nytt undervisningsopplegg Skriv ut
Noregs Ungdomslag og Musikk i Skolen lanserer Danselyst, eit undervisnings-opplegg for bruk i grunnskolen, men som òg er nyttig for andre som vil lære meir om norsk folkedans.
Danselyst består av ei bok med 40 detaljerte danseforklaringar, to CD-ar med musikk og ein DVD med eksempel.

Pressekonferanse 13. november kl. 14.30 i Kirkegata 20, Oslo.

Ei historisk samling kunnskap
Danselyst er den første læreboka i folkedans på mange år. Ho har vore planlagt lenge og haustar kunnskap frå Noregs Ungdomslag sitt store nettverk av folkedanspedagogar og musikarar. Nokre av dei beste dansarane og spelemennene i Norden deltar på CD-ane og DVD-en.
Dans i klasserommet
Danseforklaringane i Danselyst er delte inn etter hovudtype og ordna kronologisk etter alder, slik at ein òg får eit historisk oversyn. Metodiske tips og lett forståeleg forklaring av terminologien gjer at det er enkelt å kome i gang med dansen i klasserommet. Dansane er meint å passe til alt frå leik til rekneøvingar. For dei som vil ta steget vidare finst det ei liste over bøker og organisasjonar der ein kan lære meir og hente vidare informasjon.
Representativt og breitt utval
Songane utgjer eit representativt utval frå dei forskjellige dansetypane. Dei er godt kjende i folkedansmiljøet og eignar seg både for barn og unge. Dei omtalte dansetypane er Bygdedans, Runddans, Turdans, Songdans og Songleik.
Bestilling, tilgjengelegheit og vidare informasjon
Boka med tilhøyrande CD-ar og DVD kan bestillast i bokhandlar eller direkte på Musikk i Skolens eller Noregs Ungdomslags nettsider. Intervju kan organiserast med pressekontakten.

Pressekontakt: Synnøve Jørgensen, Folkedanskonsulent, Noregs Ungdomslag Pb 414 Sentrum, 0103 Oslo Tlf.: 41 61 71 98 - Fax: 24 14 11 01  Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen

Forlaget: Musikk i Skolen, PB 440 Sentrum, 0103 Oslo Tlf.: 22 00 56 80 - Fax: 22 00 56 01 Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen

pressemeldinga i pdf-format
 
Skriv ut
 
Skriv ut
 
Skriv ut
 
Skriv ut
 
Flere artikler …


 

Besøk på sida

Vi har 101 gjester her nå
vofo-stamp-07 2

Medarbeidersamling

Studieforbundet holder gjerne medarbeideropplæring i fylkeslag ol.Ta kontakt for avtale.