Informasjon og påmelding

Kursavgift er kr. 4500,- per modul. I tillegg kjem utgifter til kost og losji.

Undervisningsstad vil veksle mellom tre kursstadar i Sør- Norge. Hardanger fartøyvernsenter i Norheimsund, Museet Kystens Arv i Stadsbygd og Risør Trebåtbyggeri i Risør.

Undervisningstid: kl. 09.00 – 18.30. Siste dag avsluttast kl. 13.00.

Lengde på kurset: Heile løpet går over tre år med med to vekesmodular i året på fem dagar. Vår og haust.

Kost og losji:
Museet Kystens Arv Naustloftet. Overnattingsmuligheter i nærheten av kursområdet på Naustloftet – Enkel standard. Felles rom og felles sanitær anlegg, kr. 300,- med sengetøy og kr. 150,- utan. Matservering i kafeen på Kystmuseet, ellers tilgang på kjøken på Naustloftet og moligheiter for å ordne seg med mat sjølv.

Risør Trebåtbyggeri Risør pensjonat. I nærheten av kursområdet. Enkeltrom kr. 600,- per natt.
Dobbeltrom kr. 800,- per natt. Trippelrom kr. 1050,- per natt (Frokost og sengetøy er inkludert). Tilgang på kjøken og moligheiter for å ordne seg med mat sjølv.

Kurslærarar: Vi vekslar mellom ulike kurslærarar.

Målgruppe: Kursrekkja rettar seg spesielt mot dei som ønskjer å ta sveinebrev i trebåtbygger, men er åpen også for dei som vil lære meir om faget. Kursrekkja bygger på kompetansemåla i læreplanen for trebåtbyggerfaget Vg 3 opplæring i bedrift.

Arbeidsform: Praktisk arbeid, individuelt arbeid og arbeid i grupper, plenumsdiskusjonar, stutte økter med teoriundervisning og individuell rettleiing og undervisning i grupper.

Deltakarane tek med: Personleg verneutstyr, motorsag, handverkty.

Påmelding Trebåtbyggjar