Trebåtbygger

Trebåtbyggjar er ei kursrekkje som legg vekt på praktisk arbeid med materialar, verktøy og teknikkar. Opplæringa skal bidra til å verne om det tradisjonelle handverket og legge grunnlag for innsikt i og forståing for det særeigne ved materialbruken til trebåtbyggjaren. Kursrekkja er bygd opp kring ulike tema og fordelt på 9 kurs.Kursa er lagt opp etter vanskegrad med anbefalt rekkjefølgje, dess lengre ut i rekkja du kjem, dess større krav til forkunnskap. Det er ingen opptakskrav for å delta, men for å få utbytte av opplæringa bør ein ha erfaring med trearbeid. Kursa bygger på kompetansemåla i læreplan Vg3 trebåtbyggjarfaget/opplæring i bedrift. Kursa blir halde på tre ulike stader; Hardanger fartøyvernsenter i Norheimsund , Museet Kystens Arv i Stadsbygd og Risør Trebåtbyggeri i Risør.

Kursrekkja er eit samarbeid mellom Studieforbundet kultur og tradisjon og Forbundet KYSTEN