Informasjon og påmelding

Kursavgift er kr. 3750,- per modul(med atterhald om endringar). I tillegg til kursavgift kjem materiellkostnader. Materiellpakke kan kjøpast på kurset. Det er ikkje høve til å arbeide med eigne prosjekt.

Undervisningsstad vil veksle mellom kursstadar i Sør- Norge.

Undervisningstid: kl. 09.00 – 18.30. Siste dag avsluttast kl. 13.00.

Lengde på kurset: Heile løpet går over tre år med med to vekesmodular i året på fem dagar. Vår og haust.

Kost og losji: Raulandsakademiet tilbyr fullpensjon. 6 døgn kr. 5400,- (med atterhald om endringar). Deltakarane må sjølve ta kontakt med akademiet for overnatting

tlf.: 35 07 32 92,

Kurslærarar: Vi vekslar mellom ulike kurslærarar.

Målgruppe: Kursrekkja rettar seg spesielt mot dei som ønskjer å ta svennebrev i bunadtilverkarfaget, men er åpen også for dei som vil lære meir om faget. Kursrekkja bygger på kompetansemåla i læreplanen for bunadtilverkarfaget VG 3 opplæring i bedrift.

Arbeidsform: Praktisk arbeid. Individuelt arbeid, plenumsdiskusjoner og stutte økter med teoriundervisning. individuell rettleiing og undervisning i grupper.

Deltakerne tek med: Perm, plastlommer, skrivesaker, knappenåler, saks, måleband, tråkletråd, fingerbøl, fotoapparat eller mobil til å ta bilde for dokumentasjon,
øvrige sysaker vil bli gjev informasjon om i forkant av kvar modul.

Påmelding Bunadopplæringa