TREseminaret 2018

TREseminaret 2018 er historie - viktig historie, og god og triveleg historie.
Skogsarbeidar Max er glad han køyrde sine 600 mil. Else "Sprossa" Rønnevig vil gjerne kome att til neste år. Lærarar og arrangørar er svært nøgde, middagen var god, buskspelet strålande, diktlesinga rørande - ja, endatil veret spelte på lag, trass at det i parallelldalføra snødde store kjerringer.
TREseminaret 2018 2

TREseminaret 2018 trekte gjennom veka heile 100 deltakarar på ymse handverkskurs. I tillegg kom rundt 50 ungar frå skulane i Dovre og Dombås.
Barna dreia fiskedupp, fekk måle, øvde seg på kolrosing, og brynte seg på karveskurd. Sik fekk dei ta aktivt del i seminaret og får tradisjonshandverket introdusert på ein aktiv og spennande måte.

Skogsarbeidar Max Madsen angrar ikkje på at han køyrte 600 mil for å få med seg lærerike dagar på TREseminaret. Det var nettopp alt det som skjer frå tømmeret blir vald ut til felling, køyring, saging og lafting som fascinerte han aller mest. Max har arbeidd i skogen i snart fire år. Før det var han soldat i den danske hæren, med teneste både i Kosovo, Irak og Afghanistan. Nå vil han heim att og lafte seg hus av dansk tømmer.

Else "Sprossa" Rønnevig sette ein spiss på stemninga undet TREseminaret med brødbakst og pizzaservering frå steinomn. Og Else er ingen kven som helst! I 40 år har Else jobba for å bevare det gamle. Ho er landskjent for sitt arbeid både som bygningsvernar, forfattar og bakaromnsentusiast. Ho fekk tilnamnet "Sprossa" da ho rundt 1980 engasjerte seg for å bevare og restaurere originale vindauge i gamle hus. Else har mange hattar som i neste rekkje kledde TREseminaret vårt som fot i hose.

TREseminaret 2018 3
Forutan demonstrasjon og sal av bakst i steinomn og aktivitetar for ungar, kunne ein på TREseminaret mellom anna høyre ulike, spennande fagrelaterte foredrag. Ein kunne smi, lafte, mure, restaurere glas, sjå utstilling av reiskap brukt til skogshesten, samt lære om og oppleve korleis treets reise var frå det står på rot til det ligg som lafta tømmer. Når det leid mot kveld kunne ein endatil få seg ein dans i peisestova på Toftemo. Alt dette i eit roleg, godt og inkluderande læringsmiljø. Som lærar på skogshestkurset, Jo Kåre Bakke sa, da hesten sto på sko ned brattaste renna med tungt lass bak seg: -det flatar ut att før eller sidan, skal de sjå.

TREseminaret 2018

Opprettet | Sist endret