Vi går på kurs som aldri før!

Statistisk sentralbyrå melder at aldri har så mange vaksne gått på kurs sidan Voksenopplæringsloven vart vedteke i 2010.
Studieforbundet kultur og tradisjon er ikkje noko unntak frå glad-statistikken.

SSB-rapport 2017

Statistisk sentralbyrå melder at aldri har så mange vaksne gått på kurs sidan Voksenopplæringsloven vart vedteke i 2010.
Ferske tal frå SSB viser at studieforbunda rekrutterte rekordmange vaksne til læring over heile landet i fjor.
Totalt gjekk 520 000 deltakarar på til saman 44 500 kurs i ideell og frivillig sektor.

Studieforbundet kultur og tradisjon er ikkje noko unntak frå glad-statistikken.

-Vi held fleire kurs, vi har fleire kursdeltakarar, ja vi har endatil fleire kurstimar.
Det er svært gledeleg å sjå at vi aukar på alle desse tre områda, seier Kjærsti Gangsø.
-I 2017, i Studieforbundet kultur og tradisjons 20. år, passerte vi nytt rundt tal med over 40 000 deltakarar,
vi runda allereie året før 160 000 kurstimar, og nærma oss i 2017 162 000 kurstimar.
Med ei auke på over 150 kurs frå i fjor, er dette ei retteleg gladsak, smiler Gangsø.

Les meir om statistikken for studieforbunda på VOFO sine sider:
http://vofo.no/om-vofo/nyheter/rekordmange-paa-kurs-i-fjor/

Tala frå Statistisk sentralbyrå kan du sjå her:
https://www.ssb.no/utdanning/artikler-og-publikasjoner/over-520-000-kursdeltakere

Opprettet | Sist endret