Februarprofil - Eli Ulvestad, generalsekretær i Noregs Ungdomslag

Studieforbundet har for 2018 kvar månad ein "på gata"-føljetong på Facebook og nettside.
Du vil her treffe leiarane i 12 utvalde, litt ulike medlemsorganisasjonar. Med posten ynskjer vi å vise mangfaldet i medlemsorganisasjonane våre, samt gje litt merksemd til laget/organisasjonen og opplæringa dei driv.
Månadens profil er Eli Ulvestad, generalsekretær i Noregs Ungdomslag. 42 år.
Eli

Eli er ikkje berre generalsekretær i Noregs Ungdomslag, men har og sidan 2014 vore styreleiar i Studieforbundet kultur og tradisjon, er administrativ leiar og leiar i styret for Teateralliansen, og vart hausten 2017 vald som nestleiar i styret i Frivillighet Norge. Dette er berre eit utval av verva hennar. For ei dame!

Eli om opplæring i Noregs Ungdomslag

"Noregs Ungdomslag hadde i 2017 484 kurs med støtte frå Studieforbundet. Noregs Ungdomslag sine lokallag driv mykje godt opplæringsarbeid innanfor mange ulike fagområde, året rundt. I tillegg til den opplæringa som er organisert gjennom Studieforbundet, driv laga våre også eit viktig opplæringsarbeid for barn. Vi har mellom anna fleire aktivitetsklubbar, barneleikarringar og barneteatergrupper som har øvingar kvar veke, og som utfyller bildet av Noregs Ungdomslag som ein stor opplæringsorganisasjon innanfor både dans, teater og handverk.
Sentralt arbeider vi spesielt med opplæring av instruktørar innanfor folkedans og teater. Det er viktig at instruktørane som driv aktiviteten i lokallaga har tilgang på kunnskap og ny kompetanse, difor vi brukar mykje ressursar på å ha eit tilbod både for dei som er nye som instruktørar, og på dei som er erfarne, men som treng fagleg påfyll. Vi har nettopp lagt om kursmodellen vår, og i 2017 var det rundt 100 personar som deltok på eitt av kursa vi tilbydde. Dette er vi svært nøgd med."

Går Eli på kurs sjølv, tru?

"Sist gong eg deltok på kurs så underviste eg. Det var kurs i organisasjonsdrift. Men eg har planar om å delta på broderikurs denne våren, slik at eg kan brodere lomma som høyrer til den rekonstruerte folkedrakta frå Sunnmøre. Eg håpar det er eit passeleg ambisjonsnivå."

Elis beste kursminne

"Om eg skal trekke fram mine beste kursminne, så er det nok frå då eg var ungdom og deltok på storkurs i regi av fylkeslaget i Noregs Ungdomslag. Dette var kurs som gjekk over ei heil helg, og der vi budde på flatseng på folkehøgskule. Kjempesosiale kurs! Kursa vart arrangert kvar haust og vår, og det var eigentleg ikkje snakk om ein skulle delta på kurs eller ikkje, men om kva for eitt av kursa ein kunne reise på. Dette gjorde at eg eg fekk utvida kunnskapen min i svært ulike retningar. Alt frå organisasjonskurs, via teatersminke, til diskjockey-kurs. Trur eg har hatt bruk for det meste eg lærte."

Opprettet | Sist endret