Januarprofil: Marit Jacobsen, direktør i Norges Husflidslag, 58 år.

Marit Jacobsen
Studieforbundet vil for 2018 kvar månad ha ein "på gata"-føljetong på Facebook.
Du vil her treffe leiarar i 12 utvalde, litt ulike medlemsorganisasjonar. Med posten ønskjer vi å presentere mangfaldet i medlemsorganisasjonane våre og gje merksemd til laget/organisasjonen og det gode og viktige opplæringsarbeidet dei gjer.
Fyrst ut er Norges Husflidslag og direktør Marit Jacobsen.

Det artigaste Marit veit er å møte engasjerte lokallagsfolk over heile landet, arbeide i lag med gode kollegaer, spele saman med andre og få ungar til å meistre!

1. Kva gjer laget ditt/organisasjonen din knytt til opplæring?
-Masse! Norges Husflidslag forvaltar og tek ansvar for å formidle og utvikle vår immaterielle kulturarv. Gjennom frivillige lokallag tilbyr vi kurs i teknikkar og material som få har kunnskap om. Vi har opplæring på alle nivå og for alle aldersgrupper innan, handverk, tre, metall, vev, bunad, strikk osv. materialkunnskap, tradisjonar, organisasjonsarbeid, lobby, næringsutvikling og butikkdrift, og som det går fram av biletet, har vi drive mykje med ull dei siste åra!

Norges HUsflidslag

Norges Husflidslag er ein kultur- og interesseorganisasjon med 24.000 medlemmar. Gjennom Studieforbundet heldt husflidslaget 2.500 kurs i 2017. Med så mange kurs er organisasjonen i ei særklasse og den absolutt største på opplæring i Studieforbundet. Organisasjonen arrangerer årleg kurs over heile landet i handverk- og husflidsteknikkar for rundt 15.000 kursdeltakarar, i alt frå korte lågterskelkurs til lengre opplæringsløp. I samarbeid med Studieforbundet kultur og tradisjon arrangerer Norges Husflidslag Bunadopplæringa og Vevopplæringa, som er landsdekkande modulbaserte kurs som følgjer offentlege læreplanar.

2. Når var du sist på kurs? Underviste du eller var du deltakar?
-Eg spelar i korps og var på første samspel etter jul i går. Eg er deltakar. Der hadde vi ein gjennomgang av ulike stykke som vi skal fordjupe oss i og meistre med god rettleiing/opplæring, og så må vi som innan alt handverk (musikkutøving er på mange måtar eit handverk) øve for å bli gode - lytte, prøve, feile, terpe, osv.

3. FUN FACTS
-Om eg skal nemne noko eg ikkje meistrar, er eg til dømes dårleg på ein god del husflidshandverk, sjølv om eg meiner eg både kan strikke og sy. Er rett og slett blitt litt for utålmodig til å lære noko nytt, eller bli betre på det eg kan litt av. Det er jo så mange som kan det så utrolig mye betre enn meg.... så eg bruker heller energien på å organisere, skryte av dei som kan og skaffe ressursar i form av pengar og fagfolk.

Treskjering

Opprettet | Sist endret