Kuttet i forslag til statbudsjett er reversert

Hjerter
Venstre og KrF har vorte einige med regjeringspartia Høgre og Frp om statsbudsjett for 2018. Budsjettavtalen inneber en reversering av kuttet til studieforbunda på 22,5 millionar. Takk til Venstre og KrF for støtte og tillit. Fleire av dei andre opposisjonspartia hadde også ei reversering av kuttet i sine alternative budsjett.

Seint onsdag 22. november vart det klart at regjeringas budsjettforhandling har ført til reversering av det føreslåtte kuttet på 22,5 millionar kroner til studieforbunda. Studieforbundet kultur og tradisjon feirar budsjettet med kaffi og sjokolade på kontoret i Vågå..

Det føreslåtte kuttet på 22,5 millionar kroner ville ramma tilskotet til opplæring i songkor, musikkorps, livredning, blindeskrift, teater, leiing, IT for seniorar, husflid, handverk, snøskredfare, spansk, organisasjonsdrift og livsmeistring for kronisk sjuke og mykje meir.

Enorm mobilisering
Same dag som Regjeringa la fram forslaget til kutt, mobiliserte Voksenopplæringsforbundet, studieforbunda og medlemsorganisasjonane samla. Eit imponerande mengd lesarinnlegg, artiklar og oppslag er skreve i over 100 forskjellige lokal-, regional-, og riksmedium av studieforbund, medlemsorganisasjonar og einskildpersonar har skrivi inn.

Ønskjer du meir informasjon om reverseringa av kuttet, kontakt oss gjerne.

Opprettet | Sist endret