Fagdagane i bunad

Fagdagane 2017
Fagdagar i bunad og folkedrakt på Fagernes er over for denne gongen. Att sit vi med gode opplevingar, felesskap, tettare nettverk, god læring og høgtidsstemning. Fagdagane gjekk over to dagar med foredrag, demonstrasjonar og stoffmesse. Tema i år var sylvsmedhandverk, med historiske foredrag og sølvsmedar i aksjon. "De gjer ein fantastisk jobb for Noreg og ein fantastisk jobb for verdsarven", sa fylkeskultursjef Kyrre Dahl ved opning av Fagdagane.

Det var omlag 140 deltakarar ved årets Fagdagar på Fagernes, alt i alt med både deltakarar og arrangørar. Norsk institutt for bunad og folkedrakt, Noregs Ungdomslag, Norges Husflidslag, Norsk folkedraktforum og Studieforbundet Kultur og tradisjon er arrangørar av Fagdagane, og har sidan 2014 arbeidd saman for å styrke det drakt- og tekstilfaglege feltet i Noreg; Arrangementet er ein open konferanse der alle drakt- og tekstilinteresserte kan møtast og utveksle kunnskap og erfaringar. Det er ulike tema kvart år, med demonstrasjon av handverk, varemesse og ei rekkje dyktige forelesarar.
Tema for årets seminar var sylvsmedarbeid og sylvsmedar. Lori Talcott, stilte som hovud – foredragshaldar. Lori er sylvsmed frå Seattle i USA, som har studert norsk draktsylv frå eit internasjonalt perspektiv. Advokat Astri M. Lund heldt til å halde eit foredrag om kva for rettigheiter vi har som bunadsprodusentar, og kva vi skal vera merksam på for å beskytte arbeidet vårt mot kopiering.
Paneldebatten gjekk breidt ut, og famna om både yrkesfagleg utdanning og endring av denne, opphavsrett, momskompensasjon, samt korleis vi kan sikre ein kunnskapsbasert bunadsproduksjon i Noreg også i framtida: Med i panelet var både fagfolk og stortingspolitikarar, representert ved Eivind Falk (Høyre-politiker Oppland og leiar for Norsk Håndverksinstitutt), Ketil Kjenseth (Stortingspolitikar Venstre), Inger Lise Brøto Torland (Norsk Flid) og Barbro Storlien (bloggar og bunadtilverkar).)

Opprettet | Sist endret