Alle treng vi ein flokk! – på tide å styrke livslang læring i det frivillige?

Deltaking, tilhøyrsle, å få bidra, har alt å gjere med opplæringa i landets frivillige organisasjonar. Vi bygger fellesskap, styrker demokratiet og bygger menneska innanfrå. Til hausten står vi overfor ein ny regjeringsperiode. Spennande blir det for oss om det vil innebere at studieforbunda får vilkår som gjer det mogleg for oss å nå fram med viktig opplæring og nettverksbygging i alle våre frivillige organisasjonar.

Livslang læring

Opplæringa er sentral og har ein viktig funksjon i fellesskapet i frivillige organisasjonar, både i form av å lære og å lære bort. Men kvifor er det så viktig for oss å stadig søkje oss vidare, å utvikle oss, å lære?

Ein kan fort falle i ei felle å tenkje at i enden av valt utdanning og yrkesveg er jobben gjort. At vårt organiserte og institusjonaliserte samfunn leverer eit ferdig og vedlikehaldsfritt produkt i form av ein fiks ferdig vaksen. Ein som er klar til å bidra, klar til å meine, klar til å brette opp ermene i den store livsdugnaden. Stoppar vi litt opp og tenkjer oss om, veit vi sjølvsagt at slik er det ikkje. Aldri blir vi ferdige produkt som vaksne – heldigvis. Kva for ei verd ville vi fått om det var slik? Kvar ville det teke utviklinga? Kva ville motivert oss til å halde koken og kva ville drive oss framover? Korleis ville vi kunne handtere ei verd i stadig endring, ei verd i stadig utvikling, om vi ikkje sjølve var til å endrast på?

Ein plass for alle

Ein kjenner seg gjerne mindre enn liten når ein kjem luskande inn i ny jobb, eller til eit heilt nytt land. Sårbar er du når skoa du trudde skulle frakte deg trygt gjennom livet, plutseleg ikkje passar lenger. Frivillige lag og organisasjonar har slik ein plass for alle. Når vi ser korleis arenaer som teater, husflid og dans inkluderer individa i flokken, byggjer det opp under påstanden at kulturarenaer har ein unik eigenart. I dans og teater, til dømes, kjem individet inn i flokken, og rollene, strukturane og funksjonane til dette individet blir skapt omkring kvalitetane til den enkelte. Her er få førehandsstrukturar eller mønster deltakaren må innordne seg etter, eller ein posisjon ein må passe inn i eller oppfylle krava til. Taket er så uendeleg høgt og døra så vid ein får moglegheit i læringssituasjonen til å spele på det unike i alle, og gje gode vilkår for at vi skal kjenne oss nyttige akkurat slike vi er.

Med eitt blir det ikkje så viktig å passe i ein boks eller kunne passere ein flaskehals. I ein slik flokk, i eit slikt læringsmiljø, bringer vi utviklinga vidare – i oss sjølve og i samfunnet. Vi bygger menneske innan rause rammer som med opne sinn kan stå ved nye vegskilje i livet og tenkje: – Dette har eg aldri prøvd før.

Til hausten står vi overfor ein ny regjeringsperiode. Spennande blir det for oss om det vil innebere at studieforbunda får vilkår som gjer det mogleg for oss å nå fram med viktig opplæring og nettverksbygging i alle våre frivillige organisasjonar. Dei økonomiske rammene til studieforbunda, som mange frivillige organisasjonar er tilslutta har vorte stadig trongare og slik det er nå er det ikkje meir å skrape av beina. Vil vi, utan å måtte bruke av verdifull tid på å selje lodd og vaflar, som likevel berre tek oss eit stykke på vei, kunne halde fram med å byggje menneske gjennom opplæring, folkeopplysning, tilhøyrsle, mestring og slik sikre livslang læring?

Dette blir spennande.

Kjærsti Gangsø, dagleg leiar Studieforbundet kultur og tradisjon

Opprettet | Sist endret