Håndverk+

Håndverk+
Fire dagar til ende, 7.-10. juni, har vi sett, lært og opplevd korleis tradisjonsrikt handverk og gamle teknikkar og metodar kan lyftast inn i framtida, retta mot både bransjane og publikum.
Heile bygda var teke i bruk med eit program for dei aller fleste.
Forbruksforskar Ingun Grimstad Klepp, journalist Tone Skårdal Tobiassen, Synnøve Høijord frå Naturull og moderator for debatten og direktør i Stiftelsen Norsk Kulturarv, Erik Lillebråten.

Råvarenes betyding for det ferdige produktet

Håndverk+
Ein ting er sikkert; ull er ikkje berre ull og sau er ikkje berre sau. Håndverk+ 2018 starta med foredrag og kafédebatt på Bokhandel'n kafé i Vågå, med Studieforbundet som vertskap. Debatten dreia seg om grønt skifte i garderoben. Kva for klede belastar miljøet minst og gjer oss vakre, varme og glade? Det vart diskutert ulike syn på miljøbelastningar i produksjon av klede, lokale klede og globale utfordringar. «Korleis kan vi få norske ullprodukt meir hippe?», spurte moderator Erik Lillebråten forsamlinga. «Kvifor er islendingane så mykje meir stolte av ullprodukta sine enn vi er?» Kva for klede belastar miljøet minst? Og, visste du at det er ei internasjonal kløgrense for ull målt i my? Debatten gjekk til tider ei kule varmt på kick-offseminaret ved Håndverk+ i Vågå, og læringskurva var bratt for fleire av oss. Takk til Synnøve Høijord for utstilling av ull og flotte ullprodukt frå Naturull. Sjå produkta hennar på https://www.facebook.com/naturull/
Håndverk+
Forbruksforskar Ingun Grimstad Klepp og journalist Tone Skårdal Tobiassen var som spådd og omtala; strålande foredragshaldarar!

Håndverk+ har vore eit samarbeid mellom Vågå husflidslag, Stiftelsen Norsk Kulturarv, Vågå kommune ved prosjektkoordinator Tora Sandbu, Gudbrandsdalsmusea og Kirsten Visdal.

Handverk fire dagar til ende

Håndverk+
Fire dagar til ende har vi sett, lært og opplevd korleis tradisjonsrikt handverk og gamle teknikkar og metodar kan lyftast inn i framtida, retta mot både bransjane og publikum.
Heile bygda var teke i bruk med eit program for dei aller fleste.

Det har vore foredrag, utstillingar som tolkar kva handverk er, gamle ting var sett opp mot nytt, og kunstnarar, designarar og handverkarar har tolka nye produkt. Ein har kunne oppleve Munch-guiding, Munchmeditasjon i Vågåkyrkja, debatt om korleis ein kan leve av handverk, drop-in-kurs i handverk og aktivitetar for ungar. Mellom slaga kunne ein nyte fersk bakst og kaffi på Kafé Edvard i Ullinsvin og nyte den flotte prestegardshagen.

Målet med Håndverk+ er å skape næring, innovasjon, salgbare varer og grunnlag for næringsutvikling. Vi gler oss allereie på neste års Håndverk+!
For programmet og meir informasjon sjå: https://www.facebook.com/handverkpluss/
Eller nettsida: http://www.mjolk.no/index

Opprettet | Sist endret