|
Løn, skatt og arbeidsgjevaravgift |
|
|
Om læraren skal ha løn og i tilfelle kor mykje, er ei avgjerd som skal takast i samarbeid mellom kursarrangør og kurslærar.
Skatt
Når kurslærar er næringsdrivande
Kurslærar som er sjølvstendig næringsdrivande og har firma registrert i Brønnøysundregistera, kan få løn i form av næringsinntekt. Kurslærar har da sjølv ansvar for å betale skatt og må levere faktura med organisasjonsnummer. Om mva på undervisning sjå nedanfor.
Når kurlærar er lønsmottakar
Når kurslærar får løn frå laget må det betalast skatt etter følgjande reglar:
- Under 4000 - Når samla utbetaling av løn frå ein organisasjon ikkje overstig 4 000 kroner til ein person i løpet av eit år skal det ikkje betalast skatt.
- Over 4000 - Når løna overstig denne summen må laget trekkje forskotstrekk. Friviljuge organisasjonar som kjem inn under reglane for fritak for plikta til å svare arbeidsgjevaravgift (sjå nedanfor), kan nytte seg av ein forenkla oppgjørsblankett ved lønsutbetalingar. Oppgaven kan leverast via Altinn
Arbeidsgjevaravgift
Når dei totale lønnsutgiftene for laget er under 450.000 kroner per år og lønsutbetaling til den enkelte kurslæraren er under 45.000 kroner per år skal det ikkje betalast arbeidsgjevaravgift.
Meir informasjon om skatt og arbeidsgjevaravgift kan de finne på skatteetaten sine nettsider
Meirverdiavgift(mva)
Undervisning er unnateke frå meirverdiavgiftsplikt. Kurslærarar som er sjølvstendig næringsdrivande skal ikkje legge på meirverdiavgift på rekninga dei sender til kursarrangør. I meirverdilovens § 3-5 står det om undervisningstenester.
Du finn også meir informasjon om undervisningstenester i Merverdiavgiftshåndboka. |