Forside Tilskudd Kurslærer Kurslærer/instruktør
Kurslærer/instruktør Skriv ut

Ein kurslærar/instruktør er ein person som har pedagogisk ansvar for kurset. Kursarrangørane bør ha ei skriftleg avtale med læraren. Studieforbundet kultur og tradisjon har utarbeidd eit avtaleskjema som kan brukast. Desse finn du under menypunktet skjema.

Godkjenning
Lokallaga er sjølve ansvarlege for å velja og godkjenne lærar/pedagogisk ansvarleg for kurset. Pedagogisk ansvar betyr å leie opplæringa i samsvar med målsetting og studieplan, skape eit positivt og inspirerande læremiljø og møte fagleg godt førebudd til samlingane. Nokre organisasjonar har eigne reglar for godkjenning av lærar.

Løn/skatt/arbeidsgjevaravgift
Om læraren skal ha løn og i tilfelle kor mykje, er ei avgjerd som skal takast i samarbeid mellom kursarrangør og kurslærar.
Kurslærar som er sjølvstendig næringsdrivande og har firma registrert i Brønnøysundregistera, kan få løn i form av næringsinntekt. Kurslærar har da sjølv ansvar for å betale skatt og må levere faktura med organisasjonsnummer. Undervisning er unnateke frå meirverdiavgift. I § 3-5 i meirverdiavgiftsloven finn du det som omhandlar undervisning. Meir informasjon om dette finn du og i Merverdiavgiftshåndboken
Når kurslærar får løn frå laget må det betalast skatt etter følgjande reglar:
Når samla utbetaling av løn frå ein organisasjon ikkje overstig 4.000 kroner til ein person i løpet av eit år skal det ikkje betalast skatt.
Når lønna overstig dette beløpet må laget trekkje forskotstrekk.
Friviljuge organisasjonar som kjem inn under reglane for fritak for plikta til å svare arbeidsgiveravgift (sjå nedanfor), kan nytte seg av ein forenkla oppgjørsblankett ved lønsutbetalingar.

Når dei totale lønnsutgiftene for laget er under 450.000 kroner og lønsutbetaling til den enkelte kurslæraren er under 45.000 kroner skal det ikkje betalast arbeidsgjevaravgift.

Mer informasjon om skatt og arbeidsgjevaravgift kan de finne på skatteetaten sine nettsider

Forsikring
Alle lærarar på kurs som får tilskot gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er forsikra i ei felles forsikringsavtale. Treng du meir informasjon om forsikring ta kontakt med studieforbundet.


Les også om kurslæreropplæring

 
 

Spørreundersøkelser

spoersmaal_2For kursdeltakere

For kursarrangør


Besøk på sida

Vi har 31 gjester her nå

Medarbeidersamling

Studieforbundet holder gjerne medarbeideropplæring i fylkeslag ol.Ta kontakt for avtale.

vofo-stamp-07 2