| Kvar kan du søkje om økonomisk støtte? |
|
Har du eller laget ditt behov for pengar til til dømes kursverksemd eller restaurering? Her finn du ei oversikt over kvar det er mogleg å søkje om økonomisk støtte. Merk at lista ikkje er utfyllande.
Folkekulturforbundet
Lokale lag/medlemsorganisasjonar i FOLK kan søkje om kursstøtte hjå oss. Per i dag er utgjer kursstøtta 75 kroner for timar med lærar og 20 kroner for timar utan lærar. Du kan lesa meir om å søkje kursstøtte hjå FOLK.
Norsk Kulturminnefond
Fondet er i hovudsak retta mot fysiske objekt og område. Det er søknadsfrist to gonger i året. Les meir om søknad og grunnlag for tildeling på fondet si nettside. Norsk Kulturarv Norsk Kultuarv står bak aksjonane Ta eit tak og Ryddeaksjonen. Gjennom Ta eit tak kan privatpersonar, lag, foreininger, byggfagklasser og organisasjonar søkje om støtte til restaurering av bygninger. Ryddeaksjonen gjev støtte til mellom andre skuleklasser, grendelag og historielag som vil rydde opp i eller rundt eit kulturminne i sitt nærmiljø få støtte. Fylkeskommunene Fylkeskommunene gjev tilskot etter søknad til verneverdige og freda bygninger og anlegg.
Stifting med ideelt føremål å fremje allmennyttig verksemd innan skade- og miljøvern.
Sametingets stipend Stipendet har som føremål å fremja samisk kultur og barn og unge i den samiske kultur, og å stimulere samiske kulturaktivitetar. Stipendet har også som føremål å bidra til vern av samiske kulturminne og -miljø. Legathandboka I denne boka, som kjem ut årleg, finn du oversikt over fond og legat der du kan søkje om støtte dersom du skal ta opplæring og utdanning. Mange fond og legat er også mynta på opplæring innan folkekultur. |

Har du eller laget ditt behov for pengar til til dømes kursverksemd eller restaurering? Her finn du ei oversikt over kvar det er mogleg å søkje om økonomisk støtte. Merk at lista ikkje er utfyllande.
