Forside Fagstoff Kulturminnevern Kva er eit kulturminne?
Kva er eit kulturminne? Skriv ut
spinning.jpg På denne nettsida bruker vi kulturminne-omgrepet i vid forstand - både materielt og immaterielt kulturminnevern. I vår samanheng å rekne er ikkje kulturminne berre det som kjem fram av kulturminnelova. Vi tenkjer også på all kunnskapen som finst som såkalla handlingsboren kunnskap - vår immaterielle kulturarv.

I kulturminnelova er kulturminne definert som alle spor etter menneskeleg verksemd i det fysiske miljøet rundt oss. Også lokalitetar det knyter seg historiske hendingar, tru eller tradisjon til kjem under denne definisjonen.

Her kan du laste ned ei enkel oversikt over dei to sentrale lovverka i kulturminnevernet: Kulturminnelova og plan- og bygningslova.

I vår samanheng å rekne er ikkje kulturminne berre dette som kjem fram av kulturminnelova. Vi tenkjer også på all kunnskapen som finst som såkalla handlingsboren kunnskap - vår immaterielle kulturarv. Den immaterielle kulturarven er vel så viktig som den materielle. Desse to utfyller kvarandre, og mister noko av verdien dersom ikkje båe eksisterer. Handverka, kunnskapen som sit i hovud og hender er like viktige å ta vare på som dei fysiske objekta. Mange organisasjonar arbeider med nettopp dette - å ta vare på handverka.


band.jpgMATERIELLE KULTURMINNE  - dei fysiske kulturminna

Vi veit alle at gamle kyrkjer, hus, båtar, gjenstandar og kulturlandskap er døme å kulturminne som skal vernast. I kulturminnelova finn vi informasjon om kva kulturminne dette gjeld, kor gamle dei må vera for å bli verna, kva rettar dei som eig slike kulturminne har og kva strafferamma er dersom ein skadar slike kulturminne.

Kulturminnelova definerer kva kulturminne som skal vernast. Men det finst også kulturminne som ikkje kjem inn under definisjonen som vi finn i lovverket. Dette kan til dømes vera gjenstandar som er for unge til å bli verna, eller som på andre måtar ikkje er omfatta av lovverket. Like fullt er dei ein del av kulturarven. I mange tilfelle har friviljuge kulturorganisasjonar ei rolle i å arbeide med og ta vare på slike kulturminne.

nlebinding.jpgIMMATERIELLE KULTURMINNE - kunnskap i hovud og hender

Ikkje alle kulturminne er fysiske. I FOLK sine medlemsorganisasjonar blir det gjort mykje arbeid for å ta vare på handverk, kunnskap som sit i hovud og hender og overføring av kunnskap gjennom kursverksemd.

Dette er verdifullt arbeid. Særleg fordi den immaterielle kulturarven ikkje er omfatta av noko lovverk, er ein i stor grad avhengig av arbeidet som skjer på friviljug basis og gjennom det formelle utdanningssystemet for at denne kunnskapen skal bli teke vare på.

Arbeidet som skjer i friviljuge organisasjonar på dette området skjer gjerne gjennom kursverksemd. Ein ser også mange døme på at lokale lag og organisasjonar har eigedomar, gjenstandar og fartøy som laget arbeider med, til dømes restaureringsarbeid og generell bruk.

Norge ratifiserte i 2007 UNESCO-konvensjonen om den immaterielle kulturarven. Med denne konvensjonen har ein som mål å også sikre dei immaterielle kulturminna si framtid.

 

 

 

 

 
 

Spørreundersøkelser

spoersmaal_2For kursdeltakere

For kursarrangør


Besøk på sida

Vi har 30 gjester her nå

Medarbeidersamling

Studieforbundet holder gjerne medarbeideropplæring i fylkeslag ol.Ta kontakt for avtale.

vofo-stamp-07 2