|
Forvaltning og formidling av kulturminne |
|
|
Forvaltning og formidling, kulturminne 2006-2008 hadde som overordna mål å auke kunnskapen om kulturminne og kulturminnevern innan dei friviljuge organisasjonane som arbeider innan kulturminnevernet, slik at dei på lang sikt kan spele ei sentral rolle i den lokale forvaltninga av kulturminne.
Målgruppa for prosjektet er enkeltpersonar i eller utanfor medlems-organisasjonane som er interessert i meir kunnskap om kulturminne med spesiell vekt på forvaltning og fomidling.
Det fyrste arbeidsseminaret fann stad i Fortidsminneforeninga sine lokal i Oslo i slutten av november 2006. Ein av foredragshaldarane var sjef for Politiets sikkerhetstjeneste (PST), Jørn Holme, som heldt foredrag om "korleis bli kulturvernaktivist med loven i handa".
Det andre seminaret fann stad på Engøyholmen Kystkultursenter i Stavanger 2.-3. mars 2007. Deltakarane kom frå Fortidsminneforeninga og Forbundet Kysten sine lokallag. Seminaret omhandla i stor grad temaet formidling av kulturminne, og engasjerte deltakarar fekk oppleva mellom anna foredrag om formidling i praksis og deltok i gode diskusjonar ikring emnet.
2. prosjektår Prosjektet har fått pedagogiske utviklingsmiddel frå Vox for å gjennomføre prosjektet.
Med utgangspunkt i seminara og diskusjonane frå det fyrste året, er målet å opprette ei nettside som skal vera til hjelp for folk som på ein eller annan måte er involvert i kulturminne. Vi skal også utarbeide kurspakker i lokalt kulturminnevern, med fokus på kvar ein skal finne informasjon om kulturminnevern, kven ein skal henvende seg og korleis ein bør forholde seg når det gjeld bevaring av kulturminne. Viktigheita av å formidle betydninga av kulturminne står også sentralt. |