Forside Fagstoff Kulturminnevern Aktørane i kulturminnevernet
Aktørane i kulturminnevernet Skriv ut
kulturminnevernHer finn du oversikt over aktørar som på ulike måtar arbeider innan kulturminnevern, både dei som har eit formelt ansvar for vern og dei som er involvert i kulturminnevernet på andre måtar.

Kven er ansvarleg for kulturminna?
Kvar kan du henvende deg?
Eig du noko gammalt som du meiner har verdi og bør takast vare på for framtida?

Her kan du laste ned ei oversikt over aktørane som er involvert i kulturminnevernet (pdf).

 

hakkingOFFENTLEGE

Kommunene
Kommunene speler ei viktig rolle i forvaltninga av kulturminne. Fyrst og fremst gjeld dette gjennom deira areal- og miljøpolitikk. Kommunene sitt fremste verkemiddel på dette området er Plan- og bygningslova.

Departementa
Dei ulike departementa har ansvar for kulturminne som er relatert til sitt ansvarsområde. Miljøverndepartementet har eit særskilt ansvar for kulturminne. På nettsida deira kan du mellom anna lesa om nyheiter innan kulturminnefeltet, lesa om miljøstatusen i Norge og finne regelverk knytta til kulturminnevern. Nettsida til Miljøverndepartementet finn du her.

Riksantikvaren
Riksantikvaren fungerer som Direktoratet for kulturminneforvaltning, og har eit overordna fagleg ansvar for den regionale kulturminneforvaltninga sitt arbeid med kulturminnevern. Dette er Miljøverndepartementet sin rådgjevande og utøvande faginstans for forvaltning av kulturminne og kulturmiljø. Riksantikvaren har ansvar for at den statlege kulturminnepolitikken blir gjennomført.

På nettsida til riksantikvaren kan du finne gode råd og rettleiing.

Fylkeskommunene
Dei ulike fylkeskommunene er delegert ansvar for kulturminnevern. Fylkeskommunene er sett til å ivareta nasjonalt og regionalt verneverdige kulturminner og kulturmiljø i sine fylke.

Sametinger er delegert forvaltinga av dei samiske kulturminna, og har også tilskotsordninger retta mot kulturminnevernet.

Museum
Museum rundt om i landet har kunnskap om kulturminne, basert på både tema og geografiske område. Det finst museum som har spesialisert seg på eitt temaområde, og det finst museum som tek utgangspunkt i geografiske område, lokalt, regionalt og nasjonalt. Somme museum har fagpersonal med kunnskap om ulike tema. Andre museum er basert på meir eller mindre friviljug basis, og er drivne av til dømes lokale historielag.


lin_til_roytingORGANISASJONAR OG ANDRE VERKSEMDER

Nedanfor finn du ei alfabetisk oversikt over organisasjonar og andre verksemder som har med kulturminne å gjera. Merk at lista ikkje er utfyllande.


Bunad- og folkedraktrådet
Bunad- og folkedraktrådet er ein nasjonal institusjon som arbeider med dokumentasjon, formidling og  rådgjeving  for å fremje  kunnskap om  tilverknad  og bruk om folkedrakter og bunader. Arbeidet er retta mot ulike grupper: Produsenter av bunader, studentar, forskarar, museumsfolk og brukarar av bunad.

Fortidsminneforeningen
Fortidsminneforeningen er ein friviljug organisasjon som har som mål å vera den leiande friviljuge organisasjonen innan kulturminnevern i Norge. I fyrste rekkje engasjerer foreninga seg i historiske bygninger og bygningsmiljø, men er opptekne av kulturminner generelt.

På nettsida til Fortidsminneforeningen finn du gode råd om kulturminnevern i praksis. Foreninga har også ein serie med hefte som heiter Gode råd, og informasjon om desse finn du også på deira nettside.
(Fortidsminneforeningen har samarbeidsavtale med FOLK.)

Kulturringen i Akershus
Kulturringen er eit opplæringskontor for gamle handverksfag, og arbeider med å verne, vidareføre og gjenreise gamle handverksfag. Kulturringen rekrutterer lærlingplasser og lærlingar, fortrinnsvis innan Akershus. Nettsida deira ar også lenker til mange relevante aktørar innan utdanning og handverksfag.

Landslaget for lokalhistorie
Organisasjonen er hovudorganisasjon for 417 historielag rundt om i Norge, og vil arbeide for å auke interessa for lokalhistorie.
(Landslaget for lokalhistorie er medlem i FOLK.)

Noregs Ungdomslag
Denne kulturorganisasjonen har medlemsorganisasjonar med aktivitetar knytta til mellom anna folkedans og bunad. Organisasjonen arbeider for å ta vare på og styrke den tradisjonelle folkekulturen. Mellom anna har organisasjonen hatt ei sentral rolle i rekonstruksjonen av mange bunader rundt om i landet. 
(Noregs Ungdomslag er medlem i FOLK.)

Norges Husflidslag
Norges Husflidslag er ein kultur- og interesseorganisasjon som har som hovudoppgåve å styrke den levande husflidstradisjonen i Norge. For Norges Husflidslag er det viktig å bevare og vidareformidle kunnskapen og ferdigheitene innanfor dei viktigaste og også dei meir spesielle teknikkar innan husflid. Organisasjonen har lokale husflidslag over heile landet.
(Norges Husflidslag er medlem i FOLK.)

Norges kulturvernforening
Norges kulturvernforening er ein paraplyorganisasjon for friviljuge organisasjonar som arbeider med historie og kulturminnevern. Organisasjonen arbeider for å auke kjennskapen og interessa for historie og kulturvern, støtte arbeidet for registrering , innsamling, vern, bruk og formidling av kulturminner. Norges kulturvernforening har 19 medlemsorganisasjonar, og dersom du går inn på nettsida deira så finn du oversikt over alle desse der.

Norsk forening for fartøyvern
Norsk forening for fartøyvern er ei landsomfattande foreining for verneverdige fartøy, og føremålet er å fremje bevaring av verneverdige fartøy etter antikvariske retningslinjer. I dag har foreininga 122 medlemsfartøy, og aktiviteten rundt desse er basert på friviljug innsats.
(Norsk forening for fartøyvern har samarbeidsavtale med FOLK.)

Norsk Handverksutvikling
Arbeider med vern, vidareføring og utvikling av handverk , både som kunnskap, uttrykksform og yrke. Norsk Handverksutvikling skal, på oppdrag frå Kultur- og kyrkjedepartementet, opprettehalde og styrke fag som blir rekna som små og verneverdige. Oppretter tre nye stipendiatstillinger frå hausten 2008.

Norsk Kulturarv
Dette er ei ideel stiftelse med føremålet å bidra til vern av kulturarven gjennom bærekraftig bruk. Dei fokuserer på næringsutvikling med basis i kulturminne, fordi dette er stiftinga sitt syn er nødvendig for å skaffe inntekter som kan bidra til å ta vare på mangfaldet i kulturarven.

Norsk Kulturarv gjev ut medlemsbladet Kulturarven med nyheiter og artiklar og verksemda si og kulturminnevern generelt.
(Norsk Kulturarv er medlem i FOLK.)

Norsk kulturråd
Norsk kulturråd har fokus på den immaterielle kulturarven. Kulturrådet ynskjer å stimulere til prosjektbasert arbeid med bevaring, dokumentasjon og formidling av material som utgjer grunnlaget for auka kunnskap om kultur og levesett i Norge. Det generelle målet til kulturrådet når det gjeld kulturvern er å verne kulturarv i Norge og gjera kulturverdiane betre kjent og tilgjengeleg for flest mogleg.

Av dei siste tildelingene som er gjort har både eit lokallag i Norges Husflidslag og Norges Husflidslag sentralt samt Norsk Selskap for fotografi, båe meldmesorganisasjonar hjå FOLK, fått støtte til prosjekt.

 
 

Spørreundersøkelser

spoersmaal_2For kursdeltakere

For kursarrangør


Besøk på sida

Vi har 27 gjester her nå

Medarbeidersamling

Studieforbundet holder gjerne medarbeideropplæring i fylkeslag ol.Ta kontakt for avtale.

vofo-stamp-07 2