| Kompetansekrav |
|
|
Modulane i Bunadopplæringa er ikkje nybyrjarkurs i bunadtilverknad. Det er heller ikkje slik at du som ein del av kursrekkja syr din eigen komplette bunad. Modulane er bygd opp kring læreplanen i bunadtilverkarfaget. Ved å fullføre heile kursrekkja vil du få teoretisk og praktisk gjennomgang/innføring i alle kompetansemåla i læreplanen for bunadtilverkarfaget vg3. Det er imidlertid ingen automatikk i at du etter å ha delteke kan gå direkte opp til svenneprøve (sjå meir om svennebrev i neste avsnitt). Dei fleste modulane går over ei veke, men somme modular er kortare. Kursa innehar såleis ikkje mengdetrening. Det er ingen opptakskrav for å delta på kursrekkja, men deltakarane bør ha ein basiskunnskap om bunadtilverknad for å ha utbytte av kursa. Vi anbefaler at deltakarane følgjer heile kursrekkja. Dersom du ønskjer å delta på berre på enkelte modular, må du sjølv sørgje for å inneha tilstrekkeleg kunnskap for å delta, kunnskap tilsvarande dei foregåande modulane. |

