Forside Vaksenopplæring - nødvendig for levande lokalsamfunn
Vaksenopplæring - nødvendig for levande lokalsamfunn
torsdag 21. oktober 2010 14:06

Denne veka markerast Læringsdagane for vaksne. Med vaksenopplæring tenkjer mange på etterutdanning og formell kompetanse. Realiteten er at ein stor del av vaksenopplæringa  er uformell opplæring gjennom frivillige organisasjonar. Visste du at nærare 470.000 vaksne fekk opplæring og at 35.00 kurs vart arrangert gjennom friviljuge organisasjonar i 2009? Dette er i hovudsak kurs som ikkje gjev  formell kompetanse. Vaksne søker denne opplæring av lyst til å lære! Om lag halvdelen av kursdeltakarane har fått opplæring innan kulturfag. Mykje  av opplæringa går føre seg i distriktskommunar og aktiviteten er viktig for  å ta vare på  levande, demokratiske bygdesamfunn og handlingsbåren kunnskap.

Kulturaktivitet i dei frivillige organisasjonane gir eit mangfald av kultur i eit lokalsamfunn. Dei frivillige kulturorganisasjonane er bærare av dugnadsånd  og er heilt naudsynte for blant anna festivalar, vidareføring av handverksteknikkar og  tradisjonsformidling. Tenk deg eit samfunn utan friviljuge kulturorganisasjonar!

-          At dei frivillige kulturorganisasjonane driv så bra og får til så mykje, er imponerande, seier dagleg leiar i Folkekulturforbundet Kjærsti Gangsø. Det er trist at denne verksemda ikkje blir verdsett når det kjem til kroner og øre.  No må fylkeskommunen og staten satse på denne opplæringa også økonomisk.

 
 

Spørreundersøkelser

spoersmaal_2For kursdeltakere

For kursarrangør


Besøk på sida

Vi har 30 gjester her nå

Medarbeidersamling

Studieforbundet holder gjerne medarbeideropplæring i fylkeslag ol.Ta kontakt for avtale.

vofo-stamp-07 2