Forside Sjå den nye kurskatalogen for Raulandsakademiet
Sjå den nye kurskatalogen for Raulandsakademiet
tirsdag 25. januar 2011 12:34

katalog_rauland_rezKurskatalogen frå Raulandsakademiet er klar. I år er det 65 kurs å velje mellom.  På heimesida til Raulandsakademiet kan du laste han ned. Pilfletting med Klara Pil eller kajakkbygging med Ken Canoe. Ja, du las rett. Begge desse kursa går i veke 29. Og same veka vil Andra Varga ta oss med inn i kunsten å laga ei blyglasrute.
Porselensmaling og knipling er nye tilbod i år. Og det er fleire nye vevkurs; veving av vadmel i veke 28 og kurs i brikkeband og plukkeband i byrjinga av oktober.
Det er to nye sølvkurs. Eit for dei som kan lodde, sage og file med Anne Synnøve Berglund og eit innføringskurs i gravering med Eli Taugbøl. Morten Håkonsen tilbyr 2 knivkurs i år.

Er du ofte i den situasjonane at du må stå opp og si noko og du føler at du ikkje når fram med det du har hjartet?. Då har du truleg noko å lære av Gunn Inger Holtan Aareskjold som held kurs i forteljarkunst og drama.

I år er det tre kurs som tek i bruk fjellområda på Rauland: Fuglekikking, naturfotografering og eit kurs som blir kalla hardhausar på høgfjellet. Her tek dei tilsette på Norsk Villreinsenteret oss med på tur for å gje oss eit djupare innblikk i høgfjellet sitt økosystem og ei forståing av samanhengane mellom det som lever der.

Andre kurstilbod: Fleire knivkurs  Lafting   Skrivekurs   Akvarell · Landskapsmåling . Baking i steinomn · Biletvev · Tægerbinding · Møbeltapetsering · Dreiing i tre · Fotografering · Gyllenler  · Redesign · Kalligrafi · Bunadskurs . Sølvarbeid. Steinsliping, Maskinstrikking. Ølhøner. Landskapsmåling, akvarell og mykje mykje meir…… 

Hausten 2010 blei overnattingsdelen av Raulandsakademiet bygd om slik at det er dusj og toalett til kvart rom. Raulandsakademiet er glade for å ønskje kursdeltakarane velkomne til  nye rom i 2011.

 


 
 

Spørreundersøkelser

spoersmaal_2For kursdeltakere

For kursarrangør


Besøk på sida

Vi har 39 gjester her nå

Medarbeidersamling

Studieforbundet holder gjerne medarbeideropplæring i fylkeslag ol.Ta kontakt for avtale.

vofo-stamp-07 2