Forside Norsk folkelig dans samlar nye og gamle studentar
Norsk folkelig dans samlar nye og gamle studentar
tirsdag 09. november 2010 12:16
Norsk folkelig dansGår vi inn i roller når vi danser? Kva er norsk folkelig dans i dag? Korleis tolker vi førebileta våre? Studentane ved emnet Norsk folkelig dans har mange spørsmål å tenke på, og siste helga i oktober blei dei første av mange diskusjoner tatt i Riksscenen sine fantastiske lokale i Oslo.

Tekst: Synnøve Jørgensen

Norsk folkelig dans er eit 15 studiepoengs vidareutdanningskurs ved NTNU og Rff-sentret. Emnet blir driven av Folkekulturforbundet i samarbeid med Noregs Ungdomslag og har i år elleve studentar.

 

Klokka er tidleg på førmiddagen, og studentane har fått i oppgåve å kommentere kvarandre sin stil mens de danser gåsteg. "Studentane skal øvast opp til å få eit språk for dans og bevegelse", fortel hovudlærar Vegar Vårdal. "Målet er at dei skal kunne beskrive og ta opp stilelement frå sine førebilete", fortel han vidare.

Dei neste to studiesamlingane er i Vågå kor studentane blant anna vil møte Margrete Nordmoen, Endre Kleiveland og Einar Olav Larsen. Dette året vil også tidligare studentar bli invitert til Vågå i januar for å bli med på siste del av samlinga og samstundes få med seg det årlege arrangementet "Folkemusikktreffen i Vågå". "Vi gler oss til å koble studentar frå dei ulike gruppene og sjølvsagt til å sjå alle igjen" smiler Vegar.

Allereie neste veke reiser studentane igjen på studiesamling. Denne gongen på grendehuset Midtli i Vågå.

 
 

Spørreundersøkelser

spoersmaal_2For kursdeltakere

For kursarrangør


Besøk på sida

Vi har 38 gjester her nå

Medarbeidersamling

Studieforbundet holder gjerne medarbeideropplæring i fylkeslag ol.Ta kontakt for avtale.

vofo-stamp-07 2