Forside Flott markering av ti år i Vågå
Flott markering av ti år i Vågå
tirsdag 06. september 2011 06:51

kleppeStudieforbundet sitt ti-årsjubileum for lokalisering i Vågå vart markert med innhaldsrikt seminar og høgtidsam feiring, med gode lykkeønskingar frå politikarar og andre samarbeidspartar.
Da styret i Folkekulturforbundet (nå Studieforbundet kultur og tradisjon) for ti år siden bestemte at administrasjonen skulle flytte til Vågå, var det mange i frivillighetsmiljøet som meinte at det måtte gå gale. Men Studieforbundet lever og trives i Vågå.

Blant gjestene som gratulerte studieforbundet med 10 år i Vågå var ordførar i kommunen Rune Øygard(A). Han peika på at flyttinga både hadde tilført studieforbundet nye impulsar og at det hadde tilført kommunen mykje positivt. Fylkespolitiker Aksel Hagen (SV) var også blant gratulantane og peika på viktigheita av at  Studieforbundet kultur og tradisjon står på for å skaffe gode rammevilkår for vaksenopplæring i frivillige kulturorganisasjonar. Ivar Odnes (SP) var og blant gratulantane og hadde med seg helsing frå Senterpartiets studieforbund og Norsk Kulturarv der han sit i styret.
Studieforbundet er stolt over at politikere midt i ein hektisk valkampinnspurt valde å bruke tid på å kaste glans over feiringa.

Studieforbundet kultur og tradisjon har gitt arbeidet med å styrke fylkesledda høg prioritet. Det var derfor naturleg at seminaret også hadde arbeidet i fylkesledda som tema.
Heile 16 av fylkesledda til studieforbundet var representert på seminaret, dessutan styret, dei tilsette i administrasjonen og inviterte gjester og innleiarar.

Både i gruppearbeid og plenum var det ivrige diskusjonar om kvifor vi treng fylkesledda, korleis gruppearbeidvi skal vitalisere fylkesledda, om vi skal arbeide for å få med medlemsorganisasjonane som ikkje har kursaktivitet og kven som skal utgjøre fylkesleddet. Tilskotet frå fylkestinget i dei forskjellige fylka varierer frå nærare 200.000 kroner til 0 noko som gjør utfordringane svært forskjellige. Seminardeltakarane var samde om at fylkesledda har ei oppgåve med å synleggjøre den gode læringa som skjer i dei frivillige organisasjonane, og få gjennomslag i dei politiske korridorane for at dette arbeidet fortener stønad både politisk og økonomisk. Det var sett av god tid til arbeidet med lobby-verksemd og korleis jobbe mot pressa. Her var det innleiarar frå presse, fylkeskommune og Voksenopplæringsforbundet.

mangfoldInnimellom eit rikhaldig seminarprogram var det og sett av tid til ei markering av at det var ti år sida styret i studieforbundet avgjorde at administrasjonen skulle ligge i Vågå. Markeringa fann stad på Gammel-Kleppe og seminardeltakarar og gjester i finstas fekk høyre mange gode ord om studieforbundet og kor lurt det var å flytte til Vågå.

 
 

Spørreundersøkelser

spoersmaal_2For kursdeltakere

For kursarrangør


Besøk på sida

Vi har 40 gjester her nå

Medarbeidersamling

Studieforbundet holder gjerne medarbeideropplæring i fylkeslag ol.Ta kontakt for avtale.

vofo-stamp-07 2