Forside Holmen Gård
Holmen Gård

Holmen Gård har til nå vore fast kursstad for Vevopplæringa og Bunadopplæringa.  Vertskapet som er driftsselskap sa i haust opp avtala si fra årsskiftet. Dessverre måtte alle kursa frå oktober flyttast eller avlysast. Norges Husflidslag avlyste kursa, Studieforbundet har foreløpig flytta sine til Raulandsakademiet.
Nokre formalitetar:

Holmen Gård Eiendom AS eig  garden. Dette selskapet er eigd av Gjerstad kommune 64,5%, Stiftelsen Holmen Gård 22%, Aust Agder Næringsselskap 9% og Stiftelsen Abelsenteret 4.5%.

Stiftelsen Holmen Gård er initiert av Norges Husflidslag, og sånn sett er  NH med i eigarskapet, i alle fall i praksis.Dagleg leiar i Studieforbundet kultur og tradisjon, Kjærsti Gangsø er styreleiar i Stiftelsen Holmen Gård som har ein person i styret i Holmen Gård eiendom AS, Helle Simensen som også sit i styret i Aust Agder Husflidslag.

Tidlegare var det Stiftelsen Holmen Gård som var driftsselskap på garden. Dette måtte ein slutte med fordi det ikkje var økonomisk bærekraftig, og drifta vart overteke av et privat selskap;  Vertskapet Holmen Gård AS. Dei  leiger garden for å så å leie vidare til oss som er kursarrangør. 

Kva som skjer vidare er noko uklart. Kanskje blir ein samde, og/eller kanskje kjem det eit nytt vertskap på plass. Dette arbeider styret i eigedomsselskapet med i desse dagar.

Det er uansett veldig trist at det vart slik, for vi er mange som er samde i at Holmen er ein flott kursstad.  


 
 
 

Spørreundersøkelser

spoersmaal_2For kursdeltakere

For kursarrangør


Besøk på sida

Vi har 46 gjester her nå

Medarbeidersamling

Studieforbundet holder gjerne medarbeideropplæring i fylkeslag ol.Ta kontakt for avtale.

vofo-stamp-07 2