| Godt årsmøte i FOLK |
25.mai vart FOLK sitt årsmøte gjennomførd på Felix konferanse- senter i Oslo. 30 personar var til stades på årsmøtet medrekna delegatar, observatørar, styre-medlemmar, administrasjon og gjestar. Stortingsrepresentant Aksel Hagen (SV) hadde ei interessant innleiing som raskt vart til ei god meiningsutveksling mellom deltakarar og innleiar. Her kan du laste ned Hagen sin presentasjon til møtet. Etter årsmøtet vart det arrangert ei samling for fylkesledda i FOLK. Hovudtema var korleis vi skal arbeide for å oppnå auka fylkestilskot. Møte vart inneleia med ein presentasjon av dei enkelte fylkesledda og om korleis dei opplever å ha denne rolla og kva utfordringar dei står overfor. Leiar i Senterungdommen Johannes Rindal var invitert til å orientere om korleis ein bør gå fram i høve til fylkeskommunen. Heile styret i FOLK vart attvald. Ny på tredje varaplass vart Camilla Svingen frå Vestlandske Teatersenter. Vi kjem attande med meir informasjon om årsmøtet om kort tid. Årsmøtepapira finn du her. |
Godt årsmøte i FOLK
25.mai vart FOLK sitt årsmøte gjennomførd på Felix konferanse- senter i Oslo. 30 personar var til stades på årsmøtet medrekna delegatar, observatørar, styre-medlemmar, administrasjon og gjestar. Stortingsrepresentant Aksel Hagen (SV) hadde ei interessant innleiing som raskt vart til ei god meiningsutveksling mellom deltakarar og innleiar.
Møte vart inneleia med ein presentasjon av dei enkelte fylkesledda og om korleis dei opplever å ha denne rolla og kva utfordringar dei står overfor. Leiar i Senterungdommen Johannes Rindal var invitert til å orientere om korleis ein bør gå fram i høve til fylkeskommunen. 