Forside Fagseminar og instruktøropplæring i NU
Fagseminar og instruktøropplæring i NU
onsdag 26. januar 2011 13:48

Det er klart for fagseminar i NU (Noregs Ungdomslag) med spanande kurs både for dei som er interessert i dans, bunad og teater. Seminara er i Bergen 25. - 27. februar. Påmeldingsfristen er 01. februar. Her finn dykk brosjyra med omtale av seminara. 

NU arrangerer instruktørkurs MODUL 1 i Oslo 1.-3. april.

Påmeldingsfrist 10. mars.
Instruktørkurs modul 1 og 2 er i hovudsak praktiske dansekurs med noko gruppearbeid og teori. Målet med opplæringa er å bli gode danseførebilete, bli kjent med grunnreglar og prinsipp for formidling og læring, samt kunne løyse teoretiske og praktiske oppgåver knytt til det å leie ei gruppe.

 

Grunnkompetanse for å starte opplæringa er å ha gjennomført helgekurset Grunnleggande instruktørkurs, folkedans eller ha tilsvarande erfaring/kompetanse. Desse kursa blir arrangert av fylkeslag eller lokallag rundt i heile landet. Ta kontakt med NU-kontoret for å få vite stad og tid.

Modul 1: Kurset vil ha instruktørrolla som hovudfokus. Målet er at deltakarane skal få kunnskap om gruppeleiing, læring, formidling og dans/rørsle.

Modul 2: Dette kurset vil ha dansaren i hovudfokus. Målet er at deltakarane skal bli gode danseførebilete og medvitne om eigen dansestil og teknikk. Dette kurset blir arrangert til hausten 2011.

Meir om instruktøropplæringa til NU finn du på nettsida.

 
 

Spørreundersøkelser

spoersmaal_2For kursdeltakere

For kursarrangør


Besøk på sida

Vi har 57 gjester her nå

Medarbeidersamling

Studieforbundet holder gjerne medarbeideropplæring i fylkeslag ol.Ta kontakt for avtale.

vofo-stamp-07 2