| Årsmøte i VOFO Oppland |
|
Årsmøtet i VOFO Oppland vart arrangert ved Fylkeshuset på Lillehammer 28 mai. Det var 10 deltakarar til stade frå 8 ulike studieforbund.
Inger Granli, assisterande fylkesopplæringssjef og leiar i karriere Oppland innleia møtet med å presentere Karrieresenteret og kva funksjon dei har, samt moglegheiter for eit tettare samarbeid med studieforbunda. Vi har alle fokus på vaksenopplæring, men frå ein noko ulik ståstad. Det vart peika på at studieforbunda er eit godt supplement til det formelle utdanningsløpet, og at det er viktig med variasjon og breidde i tilbodet. |
Årsmøte i VOFO Oppland