|
31. august 2001 gjorde styret i Studieforbundet kultur og tradisjon vedtak om å flytte verksemda frå Oslo til Vågå.
Dette skal no markerast med ei samling på Gammel-Kleppe laurdag 3 september kl 12-14.00. Markeringa blir arrangert i samband med at Studieforbundet har samling for alle fylkesledd. Program ligg her . Medlemsorganisasjonane, samarbeidspartar, regionledd og lokallag i Norddalen er invitert til å vere med. Det er også representantar frå Vågå kommune, Oppland Fylke og stortingsrepresentantane frå Oppland.
Styret gjorde dette vedtaket på styremøtet 31 august 2001 _____________________________________________________________________________________________
Vedtak:
- Folkekulturforbundets kontor flytter til Vågå hausten 2001. Flyttetidspunkt blir fastsett med målsetjing å følgje ordinære rutinar for søknadshandsaming, utbetaling og rapportering til KUF.
- Dei tilsette får tilbod om å halde fram i stillingane sine med Vågå som kontorstad.
- Det blir utarbeida ein overgangspakke med rimelege vilkår for tilsette som ikkje ønskjer å delta i flyttinga. Leiar og nestleiar i styret deltek i desse forhandlingane.
- Dagleg leiar har ansvar for den praktiske gjennomføringa av flyttinga
- Dei tilsette får tilbod om å få dekka faktiske flyttekostnader, avgrensa oppover jmf. Statens Regulativ.
_____________________________________________________________________________________________
Den 24.10.2001 gjekk flyttelasset frå Kirkegata i Oslo og få dagar etter var kontoret operativt.Dei som flytte var forutan dagleg leiar Kjærsti Gangsø, Mette Vårdal og Sølvi Brække. Sølvi flytte attende til Oslo då ho gjekk av med pensjon. Mette bur framleis i Vågå, er doktorgradstipendiat men har framleis ei lita stilling i studieforbundet.
I 2006 gjennomførde Håvard Teigen med Høgskulen i Lillehammer ein flytterapport for å evaluere det viktig strategisk val som vart gjort, nemleg avgjerda om å flytte Folkekulturforbundet ut av Oslo.
Han samanlikna relevante faktorar før og etter flyttinga. Dette kan du lese meir om her...
Med vennlig hilsen Studieforbundet kultur og tradisjon Kjærsti Gangsø Daglig leder 958 98 278/ 61 21 77 52 |