Forside Fagstoff Faglige artikler Å lære å skape kultur
Å lære å skape kultur Skriv ut

dansUL Lysbøen er ungdomslaget heile kommunen har eit forhold til. Det er eit usedvanleg aktivt ungdomslag, med årlege teateroppsettingar, dei arrangerer konsertar, kino og bok-kveldar. Ungdomshuset ligg i kommunesenteret Ramberg i Flakstad kommune, ei lita Nordlandskommune med 1.454 innbyggjarar. I tillegg til eige aktivitet er ungdomshuset arena for heile kommunen, frå undervisning i kulturskulen til Rockefestival om sommaren.

- UL Lysbøen er eit veldig aktivt ungdomslag med aktivitetar på mange område. Dei er utruleg viktige for kommunen. Flakstad er ei lita kommune med stram økonomi, da er det viktig med eit aktivt ungdomslag som er med å oppretthalde kulturaktiviteten. Vi er kjent som ein kulturkommune, men kunne ikkje klart det utan ein masse menneske som er engasjerte på friviljug basis. Ul Lysbøen er med på å gjere det artig å vere kultur-ansvarleg i kommunen.
Randi Gregersen, Flakstad kommune

Arne Helge Kristoffersen er leiar i laget, og historia han fortel er typisk for mange. Da han kom i tenåra og ville finne på noko å gjera, var det ungdomslaget som var der. Dette var før dei fekk bru, og ferja gjekk ikkje seint på kvelden. Ville dei samlast og finne på noko, måtte det bli i Ramberg. Sidan har det berre balla på seg med oppgåver og engasjement.

I dag har dei fått bru, moglegheitene er fleire, men framleis er aktiviteten i ungdomslaget stor. Teater har dei drive med i mange år. Kvart år set dei opp anten revy eller teater, med opplæring av nye og gamle aktørar. Dei har kino og konsertar, og oppslutnaden frå lokalbefolkninga er upåklageleg.

- Revy- og teaterkulturen på Ramberg er rost titt og ofte, med god grunn. Ungdomslaget består av ein scenevant gjeng som ikkje er skuggeredd for å gje seg i kast med nye utfordringer.
Magnar Johansen, Lofotposten


Ei nyskaping i laget er «akademigruppa». Etter å ha lese i gamle protokollar vart dei inspirerte til nye initiativ. Gruppa er arrangør for alt frå klassiske konsertar til bokkveldar. Revitaliseringa fortel den same historia: Vil ein få til noko, er det berre å sette i gang og gjera det. Entusiastiske friviljuge med stort pågangsmot syter for kultur og aktivitet i ei lita kommune.

- Den beste lærdommen eg har fått gjennom å vera aktiv i laget, er nettopp det at ein sjølv må ta initiativ om ein ønskjer at noko skal skje. Eg har fått trua på at det nytter, fortel
Kristoffersen. - Men sjølv om laget går godt i dag, er det utfordringar for framtida. Ungdom er blitt så vande med at tilboda skal vere der for dei, dei kjem ikkje på, og veit ikkje korleis dei sjølve skal få ting til å skje. Dei vil ikkje vere med å ta i eit tak på same måte som før. Kunnskap om dette kan dei få i ungdomslaget. Derfor er det viktig at det er nokre vaksne som legg til rette og syter for at tilbodet er der. Det er også bra for ungdommen at dei får lov til å utfalde seg, lære teater og stå på ei scene - og ikkje minst ta i eit tak for å få det til.

- Kultur er ikkje berre det som skjer, men å vera i lag og få det til å skje.
Arne Helge Kristoffersen, leiar i Ul Lysbøen
 
 

Besøk på sida

Vi har 18 gjester her nå

Medarbeidersamling

Studieforbundet holder gjerne medarbeideropplæring i fylkeslag ol.Ta kontakt for avtale.

vofo-stamp-07 2