| Frå danselysten til dansemeister |
|
|
Marit er i dag 18 år, oppvaksen i Oslo og har dansa sida ho var fire. Da ho starta var det foreldra som tok ho med, men det var moro å leike og danse med dei andre unge - og det var mange på hennar alder da ho starta. Det som fekk ho til å halde fram da ho vart eldre og sjølv fekk bestemme, var at ho stadig fekk utvikle seg og fekk nye utfordringar. Samtidig følte ho aldri at ho ikkje meistra, for sjølv om nye dansar var vanskelege fekk ho det til, sakte, men sikkert. - Når eg tenkjer attende nå, skjønner eg at utvikling og stadige utfordringer er viktige delar av det å lære, og ekstra viktig når det er forskjellig nivå og ulik alder. - Da eg var 16 og 17 år deltok eg på sommarkurs, som er ei vekes kurs i ferien. Kursa var eit år bygdedanskurs og det neste året kurs for å bli folkedansinstruktør. Dette har vore veldig lærerikt, særleg sidan eg på dei to kursa hadde same instruktør som da kunne sjå korleis eg hadde utvikla meg i løpet av perioden. Marit, 18 år Etter mange år i dansemiljøet har Marit ikkje berre dansa, men også vore med i fleire styrer og utval, engasjert seg for organisering og vore med og instruert. - Dansen har altså vorte meir enn berre dans, seier Marit. - Mange har ikkje lyst til å kombinere dette, og vil helst ha moglegheita til å kunne konsentrere seg om å danse og ha det gøy. For min del har organiseringsdelen vorte ei like stor sjølvfølgje som sjølve dansen. Det å sjølv vera med og lage samlingar, som så tydeleg er til glede for mange andre, fører til at eg sjølv blir inspirert til å danse vidare. Å skape eit bra tilbod og fortsatt få glede av det sjølv krev litt ekstra innsats og ansvar, men når ein fyrst får det til gjev det veldig mykje attende. - Også det å instruere yngre barn er noko eg sjølv lærer mykje av. I tillegg til at barna lærer å danse, ser eg den same gleda hjå barna nå som den gleda eg hadde da eg var yngre, og som eg framleis har. Dette skaper inspirasjon til å fortsette å engasjere seg, for å unngå at barn og unge forsvinn frå dansemiljøet, seier Marit. Heilt frå pionerane Hulda Garborg og Klara Semb heldt dei fyrste leikskeida på byrjinga av 1900-talet, har Noregs Ungdomslag (NU) halde kurs i folkedans. Ikkje berre opplæring i å danse, men også i å bli instruktør og drivkraft i lokallaga. Allereie i 1917 vart saka drøfta på årsmøtet, og det vart vedteke at tre veker kvar sommar skulle nyttast til opplæring. I dag er det framleis sommarkurs i NU, ei veke kvar sommar. Her finn ein den viktigaste arenaen for opplæring av nye instruktørar og dansarar. I tillegg er det eit samansett tilbod av lokale kurs, sentrale fagseminar og kortare kurs som samlar fleire hundre deltakarar årleg. Kursa er med på å spreie dansekunnskap, trening i å instruere og ta leiarroller i lokallaga. Like viktig som å bli god til å danse, er det å bli god til å inspirere og instruere andre. - Opp gjennom åra har dei faste tysdagsøvingane vore læringsarenaen. Her har eg utvikla meg frå å vere den vesle jenta på fire år som leikte og heldt meg til mamma, og til år etter år å lære fleire og fleire nye dansar, og sakte, men sikkert utvikla meg som dansar. Men dette har eg nok gjort mykje utan å tenkje over det, dans har vore gøy – og det har gjort at eg har hatt lyst til å lære meir. Marit, 18 år NU utviklar materiell som dansebøker, cd’ar og ny metodikk som dei formidlar gjennom opplæringa til dansarar og instruktørar i og utanfor organisasjonen. Dei lagar undervisningsmateriell for skule og kulturskule. Dei driv utviklingsprosjekt og forskingsarbeid. Dei tilbyr høgare utdanning, og har eit nært og tett samarbeid med Rådet for folkemusikk og folkedans og deira universitetsutdanning i dans. Slik har organisasjonen i over 100 år bygd opp og sytt for at det finst tilbod innanfor norsk folkedans, og for ei kvalitets-utvikling innanfor dansen og instruksjonen. Deltakarane etterspør heile tida nye utfordringar og utvikling, og dette krev at ein er på høgda og stadig kan fornye seg. Det krev også at ein kan syte for tilstrekkeleg med danse- og læringsarenaer, over heile landet. |

