Forside Opplæringstilbud Bunadopplæringa Ny bunadtilverkar med sveinebrev
Ny bunadtilverkar med sveinebrev Skriv ut

blindheimsvik_rezAne Sofie R. Blindheimsvik tok sveinebrev som bunadtilverkar i august. Ho held til i nærleiken av Ålesund og syr Sunnmørsbunaden for dame og herre.
I august i 2008 tok Ane Sofie ein modul av Bunadopplæringa. - Sjølv om eg berre var med på denne eine modulen synest eg at det var svært nyttig. Ikkje minst var det godt for meg som berre har konsentrert meg om Sunnmørsbunaden å treffe bunadtilverkarar som syr andre typer bunader. utveksling av erfaringar om korleis ting blir gjort andre stader og det å få kontakt med andre som driv med same fag er svært nyttig, seier Ane Sofie.
Bildet: Bunadtilverkar Ane Sofie R. Blindheimsvik med modellen Daniel Rettenberger som hohar sydd herretrøya til

Ane Sofie Rørvik Blindheimsvik hadde eigentleg tenkt seg ei heilt anna karriere enn å bli bunadtilverkar. Rett nok har ho fått saum inn gjennom morsmjølka ved at mora Eli Rørvik har dreve med saum og bunadar i mange år, men ho hadde eigentleg tenkt seg ei utdanning innan media og reklame. Men det var tilfeldigheiter som fekk ho til å bli lærling i bunadtilverkafaget i mora si verksemd for tre år sida.

Vegen fram

Med media og kommunikasjon frå vidaregåande skule måtte Ane Sofie ta nokre ekstra steg for å fåblindheimsvik_2_rez godkjenning for å gå opp til svenneprøva. Ho hospiterte på design og tekstil-lina på vidaregåande skule og gjekk opp som privatist der. Ho fekk og godkjent eit halvt år av media og kommunikasjonslina. Med tre år som lærling var ho klar til å melde seg opp til sveineprøva. I august i år vart det gjort, og med svært godt resultat. - eg fekk god nytte av modulen eg gjekk på Bunadopplæringa også her, seier Ane Sofie. - Modulen handla om mønsteravtak og det fekk eg spørsmål om på prøva.
Bildet: Ane Sofie saman med prøvenemnda; Mona Løkting og Margot Sollie.

Folk vil ha bunad

Ane Sofie er godt nøgd med val av yrke og ser ljost på framtida. - Det ser ikkje ut for at finanskrisa har påverka marknaden for bunadar. Vi har god etterspurnad etter både nye bunadar og omsaum og retting, og folk er viljuge til å betale det det kostar.
Saman med mora driv Ane Sofie bunad og interiørbutikk, men ho tror og at ho kunne livnært seg berre som bunadtilverkar om ho hadde ønskt det.

 
 
avlangt_2

Besøk på sida

Vi har 125 gjester her nå
vofo-stamp-07 2

Medarbeidersamling

Studieforbundet holder gjerne medarbeideropplæring i fylkeslag ol.Ta kontakt for avtale.