| Bunad modul 5 |
|
Modul 5, Saum av mannsbunad og innføring i tilpassingInnhaldDeltakarane vil få ein teoretisk og praktisk gjennomgang av dei viktigaste detaljane på mannsbunaden i dei ulike stilperiodane. Det vil bli lagt stor vekt på å lære dei gamle saumteknikkane, og deira bruksområde. Omfang
Læringsmål
MaterialLærarane lagar ferdigklipte materialpakkar som kan kjøpast på kurset. Den vil innehalde bukse, vest og trøye i små størrelsar. Ein skal berre sy halve plagget. I tillegg kjem lerret til lerretsmodellar lintråd, stoff til besetning, forstoff og knappar. Om nokon har eiga bunad de vil arbeide med så er det mogleg. Føresetnaden for det er at ein har god kjennskap til bunaden og at den blir sydd for hand. Ein må sjølv ha mønster. Sidan dette kurset vil ha fokus på handsaum vil det ikkje bli høve til å arbeide med maskinsydde bunader. Som førebuing til kurset anbefalar vi å bruke bunadsleksikonet aktivt. Finn ut kva som kjenneteiknar dei ulike drakthistoriske epokane, som lengde, skulderbreidde, passform, lommer, knappar, krage, slag, materialar osv. Forskjell på bunadene i dei ulike bunadskategoriane. Studere gammalt draktmateriale og akvarellar. Anbefalar folkedraktutstillinga på Bygdøy. Om du har høve til å studere gamle plagg nærare og sjå på saumdetaljar. Eksempel: kva veg er saumrommet bretta, er det kasta ned eller sydd ned? Besetningar på krage og lommar, og korleis dei er laga. Fotografer gjerne plagg og tak dei med på kurset. Fint om de har høve til å øve litt på dei ulike stingvariantane på førehand. Du finn det meste i boka: Sy bunad sjølv, Ugland, Thorbjørg Hjelmen, Gyldendal norske forlag as, 1997. Anbefalt litteratur:
|

